Hopp til innholdet

Føreslår opprykk for mjølkebonde frå Hå

Publisert:

Han har vore første vararepresentant til styret i TINE. No føreslår valkomiteen opprykk for Asgeir Pollestad.

Sidan 2003 har han vore mjølkeprodusent, då han kjøpte garden Store Håland av onkelen. Den ligg på Nærbø i Hå kommune i Rogaland. Han er dagleg leiar i ei samdrift, med ei grunnkvote på 500 tonn, og med eit disponibelt areal på 700 dekar.

Starta som landbruksmekanikar
I heile sitt yrkesaktive liv har han vore knytt til landbruket. Han har fagbrev som landbruksmekanikar, og starta som mekanikar ved Eik-senteret, seinare verksmeistar og selgar.

Asgeir kan vise til ulike verv innan landbruket, mellom anna som medlem av Landbruksråd Rogaland, leiar av valkomiteen i Geno, medlem av Rådet i TINE og leiar i Eigarutvalet Sørvest.  

På fritida er han engasjert i ulike ting i nærmiljøet, som f.eks leiar i eit barnekor.

Asgeir er gift med Ester, og saman har de tre ungar, to jenter og ein gut i alderen 10 til 14 år.