Hopp til innholdet

Foreslår mjølkeprodusent frå Sunnmøre i styret

Publisert:

I Anne Berit Løset (53) frå Stordal på Sunnmøre vil TINE få ein styremedlem med lang administrativ erfaring både innanfor landbruket og det offentlege.

Anne Berit vart vald inn i styret i 2020. Men i samband med at talet på eigarvalde styremedlemmar i fjor vart redusert frå 10 til 7, vart ho første vararepresentant. No ønsker valkomiteen at ho på nytt går inn i styret.

Utdanna sivilagronom
Anne Berit arbeider no som seniorrådgjevar i Innovasjon Norge Møre og Romsdal. Ho er utdanna sivilagronom frå Landbrukshøgskulen på Ås (no NMBU) innanfor fagfelta allsidig jordbruk, økonomi, organisasjon og leiing.
Ho kan vise til lang yrkeserfaring, heilt frå fjøsgolvet til landbruksdirektør i heimfylket, noko ho fortel meir om i videoen.

Anne Berit Løset bur på Løset i Stordal på Sunnmøre der dei driv mjølkeproduksjon i Stordal samdrift. Ho er gift og har tre born i alderen 18 til 26.