Hopp til innholdet

Eit Tine i endring

Publisert:

Som tidlegare tillitsvald i Tine SA gjennom mange år, er det eit mantra som vert prenta inn kvar gong ein var på samling, tidene endrar seg og omstilling må til. Dette er ikkje noko særeige for Tine SA som selskap, alle må endre seg over tid. Som mjølkeprodusent gjennom fleire 10-år, er endringar noko vi er godt kjend med.

Tine SA er eit stort selskap og i store selskap kan det vere vanskeleg å endre seg raskt nok til å følge endringane i markedet. Likevel viser både selskapet vårt, og vi mjølkeprodusentar, at gjennom pandemien har vi klart dette med glans. Det fins vel knapt eit  selskap i Noreg,  med høgare leverings% ut til kundane sine.  

Ei av løysingane konsernstyret (KS) no ser på er høyringssaka om ein ny eigarorganisasjon. I korte trekk går dette ut på å redusere antal tillitsvalde, og aller helst redusere antal funksjonar tillitsvalde utfører eigarorganisasjonen vår. Det vert hevda at produsentlaga skal styrkast, utan at det vert vist til korleis ein skal få dette til.

Arbeidsoppgåvene i organisasjonen forsvinn ikkje om dei ikkje lenger skal løysast av eigarvalde  kvinner og menn, derimot er fleire av arbeidsoppgåvene foreslått lagt til administrasjonen.

I ei tid der samvirketanken sakte smuldrar vekk i jaget etter kortsiktig vinst, meinar vi at dette openbart er feil medisin for å løyse eit problem som ikkje er til stades. For å skape meir samhald og styrke samvirket vårt, bør eigarmedverknad styrkast framfor den foreslåtte endringa, som vil føre til mindre eigarmedverknad.

Openheit i størst mogleg grad, bør velgjast. Vi har sett fleire eksempel på saker, der det kan stillast spørsmål om dette er noko som KS ynskjer. Sjølvsagt utan at det fører til at bedriftshemmelegheiter vert fanga opp av konkurrerande selskap. Vi skal møte framtida ilag, for det er når vi tenkjer saman, jobbar ilag og dreg lasset i same retning at framtida ser lysast ut.

Lite har endra seg sidan Årsmøtet i 2020, også Årsmøtet i 2021 vert digitalt. I fjor vart avgjerdsler kring endringane i eigarorganisasjonen utsett. Argumentet var at ein ikkje fekk høve til å diskutere endringane på eit fysisk møte, der samtaler mellom tillitsvalde også går føre seg etter ordinær møtetid og mange viktige kontakter vert knytt. No kan ein komme i skade for å tru at KS legg fram enno fleire endringar i organisasjonen vår, til Årsmøtet 2021.  Kvifor er ikkje argumentet som førde til utsetjing i fjor, brukande denne gongen?

Å virke saman,  i samvirke. Lat oss få gjere dette før endringsforslag vert lagde fram. Endringar i eigarorganisasjonen vår bør utsetjast til meir normale tider kjem att.

Arild Bruflot
Kjell Paulen